– Sunn konkurranse er miljøpolitikken sin beste venn, skriv konkurransedirektør Knut Eggum Johansen i den første utgåva av Konkurransetilsynet sitt nye elektroniske nyheitsbrev.
Du hugsar kan hende magasinet KonkurranseNytt, som inneheldt konkurransefaglege artiklar frå Konkurransetilsynet. Papirmagasinet blei lagt ned for to år sidan, men no kjem KonkurranseNytt tilbake som ein elektronisk publikasjon, som blir sendt ut i e-post og lagt ut på konkurransetilsynet.no.
Som før inneheld KonkurranseNytt korte nyheiter, forbrukarstoff, kommentarar om aktuelle saker og informasjon om viktige tema som tilsynet jobbar med.
I denne utgåva kan du blant anna lese om bensinprisar, konkurransen i bokbransjen, råd til innkjøparar for å unngå ulovleg anbodssamarbeid, statistikk om Konkurransetilsynet sin ressursbruk og ei oversikt over nye publikasjonar frå tilsynet.
Dersom du allereie abonnerar på nyheitsvarsel frå Konkurransetilsynet, vil du få KonkurranseNytt automatisk. Viss ikkje, kan du få det ved å registrere deg som abonnent her. Abonnementet er sjølvsagt gratis.
Vi er svært interesserte i tilbakemeldingar om innhaldet og forma på nyheitsbrevet. Send oss gjerne e-post om dette.