Konkurransetilsynet kan etter patentloven gje andre enn den som rår over eit patent moglegheit til å ta ei oppfinning i bruk, sjølv om patentinnehavaren ikkje ønskjer dette. Regelen skal sørgje for at nyttige oppfinningar og patent ikkje blir haldne tilbake.
Patentvern skal stimulere til nyskaping og innovasjon, og i Noreg er lengda på denne mellombelse eineretten inntil 20 år. I nokre tilfelle nyt likevel ikkje samfunnet godt av nyvinninga fordi patentet av ulike grunnar ikkje blir teke i bruk eller det blir brukt strategisk for å redusere konkurransen. For å motverke slik ikkje-bruk og misbruk finst det reglar om tvangslisens som skal sørgje for at oppfinninga kjem til nytte i eit rimeleg omfang.
Konkurransetilsynet avgjer
Patentloven av 1967 blei endra 19. desember 2003. Frå 1. februar 2004 kan Konkurransetilsynet behandle og avgjere søknader om tvangslisens etter paragrafane 45 til 49 jfr. paragraf 50a i patentloven.
Konkurransetilsynet kan gje tvangslisens dersom:
-
den patenterte oppfinninga ikkje er teken i bruk etter ein viss periode
-
patentretten blir nytta på ein måte som reduserer konkurransen vesentleg
-
'oppfinninga var i bruk utan at ein visste at det var søkt patent
-
bruk av oppfinninga representerer eit viktig teknisk framsteg av vesentleg verdi
-
det er påkravt av omsyn til viktige allmenne interesser
For å få behandla ein søknad om tvangslisens må ein betale eit gebyr på 10 000 kroner. Dette er gjort for å redusere unødige søknader.
I vedtak om tvangslisens skal det fastsetjast i kva omfang oppfinninga skal kunne nyttast og kva vederlag patentinnehavaren skal få for dette. Endeleg vedtak om tvangslisens frå Konkurransetilsynet kan overprøvast av domstolane.
Les meir:
Lov om patenter
Forskrift til panteloven kapittel 16 om tvangslisens