Denne siden finnes ikke på bokmål. Til forside på bokmål

Utsett svarfrist i asfaltsaka

Konkurransetilsynet har gitt Veidekke og NCC utsett frist for å kome med tilsvar til varselet om lovbrotsgebyr.
– Vi opphever fristen som var datert til 1. mars. Etter at partene har fått innsyn i det dei har bedt om, vil vi komme tilbake med ein ny tidsfrist, seier prosjektleiar Erling Espeskog i Konkurransetilsynet.

Tidlegare i haust varsla Konkurransetilsynet om at Veidekke kan få eit gebyr på 270 millionar kroner og NCC eit gebyr på 165 millionar kroner for brot på konkurranselova. Veidekke kan få fritak for gebyret fordi selskapet informerte Konkurransetilsynet om forholdet og bidrog til oppklaring av saka.
Sist endret: 01.03.2012