Styrketrening
Konkurransetilsynet foreslår endringar i ordninga med driftsavtalar og tilskot til privatpraktiserande fysioterapeutar.

Opplysninger

Dokumenter
Kontaktpersoner:
  • Avdelingsdirektør

    Mobiltelefon: 95 93 38 27
    E-post: josk@kt.no


Tilskotsordning for fysioterapeutar bør endrast

Den offentlege ordninga med driftsavtalar og tilskot til privatpraktiserande fysioterapeutar gjev ein monaleg risiko for at kvaliteten på tenestene ikkje vert så god som han kunne ha vore. Difor foreslår Konkurransetilsynet endringar i ordninga.

Dette kjem fram i eit brev Konkurransetilsynet har sendt til Helse- og omsorgsdepartementet.

Konkurransetilsynet har fleire gonger tidlegare peika på uheldige sider ved regelverket knytt til offentlege driftstilskot og refusjon. No har tilsynet gjort ei nærare vurdering av ordninga for driftstilskot til privatpraktiserande fysioterapeutar i norske kommunar. Gjennomgangen syner at det er sider ved ordninga som gjev svak konkurranse, noko som kan verke negativt inn på kvaliteten på tenestene.

Tilsynet peiker i brevet på at fleire av desse tilhøva òg vil kunne gjere seg gjeldande for dei liknande ordningane for avtalespesialistar (legespesialistar og psykologar) og fastlegar.

Uheldige bindingar
– Det er særleg prosessen for tildeling av driftstilskot og at desse vert gjevne på «livstid», samt dei bindingane som vert lagde på nyetablerte fysioterapeutar, som bidreg til at konkurransen vert svak, seier seksjonsleiar Jostein H. Solberg i Konkurransetilsynet.

– Den svake konkurransen medfører ein monaleg risiko for at kvaliteten på fysioterapitenestene ikkje vert så god som han kunne ha vore ut frå dei offentlege midla som vert nytta på feltet, held han fram.

Ønskjer reell konkurranse for å sikre kvaliteten
I brevet til departementet kjem tilsynet med forslag til endringar i regel- og avtaleverket som på ein betre måte kan sikre kvaliteten på den fysikalske behandlinga som vert betalt av det offentlege.

Konkurransetilsynet foreslår mellom anna at driftstilskot berre bør bli gjeve for tidsavgrensa periodar og at det bør gjennomførast ein meir reell konkurranse ved ny tildeling. Tilsynet meiner òg at kravet om at nye fysioterapeutar skal overta ein allereie etablert praksis og vere forplikta til å kjøpe utstyr og «goodwill» frå den som sluttar, bør fjernast.

Les heile brevet til Helse- og omsorgsdepartementet 

Publisert: 30.05.2009 Sist endret: 30.05.2009