Opplysninger

Skal synleggjere verknadene av konkurransepolitikken

I 2009 skal Konkurransetilsynet evaluere verknader av arbeidet sitt og synleggjere resultata. Tilsynet skal òg vurdere kva finanskrisa har å si for innretninga av konkurransepolitikken, og tilpasse seg dette. Det går fram av tildelingsbrevet frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Kvart år får Konkurransetilsynet eit tildelingsbrev frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet med rammer for tilsynet si verksemd det komande året.

I tildelingsbrevet for 2009 peiker departementet på fire hovudmål for tilsynet sitt arbeid:

  • Effektiv handheving av konkurranselova med tilhøyrande forskrifter og oppfølging av EØS-konkurranselova
  • Tilstrekkeleg vektlegging av konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde der regjeringa ønskjer konkurranse
  • Synleggjere resultata av Konkurransetilsynet sitt arbeid
  • Sikre effektiv sakshandsaming i sekretariatet for Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA)

Konkurransetilsynet skal vurdere kva finanskrisa har å si for innretninga av konkurransepolitikken. I lys av ei slik vurdering skal tilsynet tilpasse sin strategi, ressursdisponering og faglege prioritering, heiter det i tildelingsbrevet.

Utvalde næringar
Departementet ber tilsynet vurdere trongen for fleire tiltak for å styrkje konkurransen i IKT og daglegvaremarknaden.

Evaluering
For å synleggjere resultata av arbeidet sitt, skal tilsynet evaluere verknadene av minst eitt vedtak om opphør av konkurranseskadeleg åtferd, og av minst eitt vedtak om inngrep mot ei føretakssamanslutning. Tilsynet skal òg vurdere verknadene av minst éi påpeking av offentlege reguleringar som kan påverke konkurransen.

Løyving for 2009
Den samla budsjettildelinga for Konkurransetilsynet og KOFA er på 84,5 millionar kroner.


Les meir i tildelingsbrevet for 2009

 

Publisert: 09.02.2009 Sist endret: 08.02.2009