Konkurransetilsynet skal vurdere kva verknader det vil få for konkurransen at A-pressen kjøper Edda Media. I mellomtida må oppkjøpet setjast på vent.
– Oppkjøpet kan ikkje gjennomførast før Konkurransetilsynet har behandla saka, fortel seniorrådgjevar Beate Milford Berrefjord. Etter konkurranselova er det forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige, før tilsynet har behandla saka.
Les meir om plikta til å melde fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet »
Konkurransetilsynet fekk melding om oppkjøpet 5. desember 2011. Oppkjøpet er kunngjort på heimesida til tilsynet for at kundar, konkurrentar og andre som ønskjer det, skal ha høve til å uttale seg.
Tilsynet har i første omgang frist til 27. desember med å vurdere om det vil be om meir utfyllande informasjon frå partane. I så fall vil saksbehandlinga gå inn i ein ny fase med nye frister for saksbehandlinga.
Kva som blir utfallet av tilsynet si behandling, er det for tidleg å seie noko om.
– Dersom vi finn det nødvendig av omsyn til konkurransen, kan vi forby oppkjøpet eller setje vilkår for å godkjenne det, seier Berrefjord.
Hvis det blir tale om slike inngrep, vil partane få høve til å uttale seg før tilsynet fattar endeleg vedtak.