Konkurransetilsynet har justert maksimalprisane for drosjekøyring i område med regulerte prisar.
Takstane i forskrift om maksimalprisar for køyring med drosjebil (maksimalprisforskrifta) blir auka med gjennomsnittleg ca. 4,2 prosent. Justeringa trer i kraft 1. mars 2011.
Reguleringa gjeld for enkeltturar i område som ikkje er unnatekne frå maksimalprisforskrifta. Drosjane står fritt til å ta lågare priser enn maksimalprisane.
Dei nye takstane vil gjelde fram til eit nytt takstsystem – såkalla parallelltakst – blir innført for alle drosjar i landet frå 1. september.