Melk
Konkurransetilsynet innhentar pris- og kostnadsdata frå Tine kvart halvår, og bereknar Tines marginar. (Foto: Dušan Zidar / ScanStockPhoto)

Opplysninger

Dokumenter
Kontaktpersoner:
  • Seksjonsleder

    Mobiltelefon: 99095774
    E-post: maga@kt.no


Ny rapport om Tines marginar

Konkurransetilsynet har i dag offentleggjort ein rapport om tilsynet si overvaking av meierisektoren. I rapporten gjer tilsynet greie for korleis det vurderer Tines marginar andre halvår 2008.

Konkurransetilsynet innhentar pris- og kostnadsdata frå Tine kvart halvår, og bereknar Tines marginar. Dette gir tilsynet eit grunnlag for å vurdere om marginane er så låge at det kan vere konkurranseskadeleg, og eventuelt i strid med forbodet i konkurranselova om misbruk av dominerande stilling.

Resultata for andre halvår 2008 viser at for 15 av totalt 48 enkeltprodukt er Tines bruttomargin så låg at foredlingskostnadene ikkje blir dekte fullt ut. Tilsynet har plassert desse 15 produkta inn i produktgrupper som representerer mogelege relevante marknader, og vurdert bruttomarginen for desse produktgruppene.

Prisane til Tine dekkjer ikkje foredlingskostnadene fullt ut for produktgruppa mjølkepulver. Etter ei konkret heilskapsvurdering har tilsynet likevel ikkje haldepunkt for å meine at prisinga til Tine for denne produktgruppa har ein skadeleg verknad på konkurransen.

Basert på dei vurderingane som er gjort for dei andre produktgruppene, har tilsynet kome til at det i denne omgangen ikkje er grunnlag for å gjennomføre utvida undersøkingar.

 

Publisert: 25.02.2010 Sist endret: 24.02.2010