Konkurransetilsynet foreslo i juni 2009 å innføre såkalla parallelltakst for alle drosjar i landet. Formålet med forslaget var blant anna å gjere det enklare for drosjekundane å samanlikne prisar. I tillegg vil takstsystemet som er foreslått gjere det enklare for kundane å sjekke at dei betalar riktig pris.
Tilsynet tok også ein fullstendig gjennomgang av dagens prisregulering med sikte på å gjere maksimalprisane lettare å forstå, både for kundane og tilbydarane.
På bakgrunn av innspel i den fyrste høyringsrunden har Konkurransetilsynet gjort nokre endringar i utkastet til forskrift.
Om endringaneEndringane gjeld i hovudsak forskrifta sitt verkeområde, faste forholdstal og takststrukturen i maksimalprisregulerte område. Konkurransetilsynet foreslår blant anna at det, som i dag, skal vere fri prissetjing i kontraktssegmentet. Dette inneber at parallelltakst ikkje blir påboden ved kontraktskøyring.
Tilsynet fråfell tilleggsforslaget om å innføre faste forholdstal i område med fri prissetjing. Dermed vil aktørane framleis stå fritt til å fastsetje forholdet mellom dei ulike takstelementa.
Vidare foreslår Konkurransetilsynet å innføre ein såkalla gradert takststruktur i maksimalprisregulerte område. Dette vil gi drosjeføretaka ei viss dekning for tilkøyrings- og returkøyringskostnader.
Om høyringaKonkurransetilsynet ønskjer å få synspunkt på endringane frå dei berørde partane, og sender derfor forslaget ut på ny høyring. Høyringsfristen er sett til 1. september 2010. Den nye forskrifta skal etter planen tre i kraft frå 1. januar 2011.
Høyringsdokument> Høyringsbrev> Utkast til forskrift> Merknader til dei einskilde føresegnene
Sjå også høyringsdokumenta frå fyrste høyringsrunde »
Høyringssvar0700 Bergen Taxi
Agder Taxi AS
Aksershus fylkeskommune
Finansdepartementet
Finnmark fylkeskommune
Forbrukerombudet
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Halden Taxi AS
Hedmark fylkeskommune
Helse Nord RHF
Helse- og omsorgsdepartementet
Helse Sør-Øst RHF
Hordaland fylkeskommune
Justervesenet
Justis- og politidepartementet
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Handikapforbund
Norges Taxiforbund
Norgestaxi AS
Norsk transportarbeiderforbund
Nærings- og handelsdepartementet
Oslo Taxi AS
Rogaland fylkeskommune
Samferdselsdepartementet
Stavanger Taxi AS
Taxi Drift AS m.fl.
Troms Taxi
Øresvik Taxi
Konkurransetilsynet, Pb. 439 Sentrum, 5805 Bergen | Telefon: 55 59 75 00 | post@konkurransetilsynet.no | Kontakt | Nyheter på RSS