Denne siden finnes ikke på bokmål. Til forside på bokmål

Flyfrakt-kartell bøtelagt av Europakommisjonen

SAS er blant dei elleve selskapa som i går fekk bøter på til saman 6,5 milliardar kroner for ulovleg prissamarbeid. Ifølgje Europakommisjonen samarbeidde selskapa om drivstofftillegg og tryggingstillegg i ein periode på over seks år.

Formålet med samarbeidet skal ha vore å sikre at desse tillegga blei innførde av alle dei involverte selskapa, og at aukar eller reduksjonar i nivået på tillegga blei gjennomførde av alle.

Den endelege bota til SAS er på over 565 millionar kroner (70 millionar euro). Bota blei auka med 50 prosent fordi SAS også tidlegare er bøtelagt for kartellverksemd (ulovleg samarbeid med Maersk Air i perioden 1998 til 2001). På den anna side fekk SAS redusert bota med 15 prosent fordi selskapet samarbeidde med Europakommisjonen under etterforskinga.

Dei andre selskapa som blei bøtelagde, er: Air Canada, Air France-KLM, British Airways, Cathay Pacific, Cargolux, Japan Airlines, LAN Chile, Martinair, Singapore Airlines og Qantas.

Lufthansa (og dotterselskapet Swiss) slepp bøter fordi dei var fyrst ute med å varsle Europakommisjonen om kartellet.

Les meir i pressemeldinga frå Europakommisjonen »

 

Sist endret: 10.11.2010

Ansvarlig for denne siden: Kommunikasjonsdirektør