Konkurransetilsynet gjennomfører i dag ei bevissikring hos enkelte aktørar i fjørfemarknaden. Bakgrunnen for kontrollen er at tilsynet ønskjer å få stadfesta eller avsanna ein mistanke om samarbeid i strid med konkurranselova.
Ei bevissikring er ein umeldt kontroll som kan gjennomførast ved mistanke om brot på konkurranselova. Bevissikring kan skje utan samtykke frå dei som er gjenstand for kontroll, men må vere godkjent av tingretten på førehand. Under kontrollen kan tilsynet beslagleggje relevant materiale.
Det at Konkurransetilsynet gjennomfører ei bevissikring, inneber ikkje at dei involverte selskapa er skuldige i lovbrot, og seier ikkje noko om det endelege utfallet av saka. Etter at kontrollen er gjennomført, startar arbeidet med å analysere eventuelle funn. Det er for tidleg å seie noko om kor lang tid dette vil ta.
Publisert:
30.08.2010
Sist endret:
30.08.2010