Ordforklaringar

Bevissikring
Også kalla razzia eller «dawn raid». Ved bevissikring kan Konkurransetilsynet leite etter prov for brot på konkurranselova hjå foretak og i private heimar, utan samtykke frå dei som vert utsette for bevissikringa. Ei slik bevis sikring må først vere godkjend av tingretten.

Bøterabatt
Sjå Lemping.

Dominerande stilling
Eit dominerande føre­tak har ei sterk stilling i den relevante marknaden og kan i stor grad opptre uavhengig av konkur­rentar og kundar. Eit slikt føretak kan hindre effektiv konkurranse i marknaden. Å ha ei dominerande stilling er ikkje forbode i seg sjølv, men føretak som har ei dominerande stilling har eit særleg ansvar for ikkje å opptre slik at konkurransen vert avgrensa. Spørsmålet om eit føretak er dominerande eller ikkje, må vurderast særskilt i kvar enkelt sak.

Duopol
Ein marknad som er dominert av to føretak.

Effektiv konkurranse
Effektiv konkurranse i ein marknad gjer at varer vert selde til kostnads­baserte prisar. Effektiv konkurranse kan komme av ein kombinasjon av fleire høve, mellom anna at det finst eit visst tal tilbydarar, at dei ikkje handlar i samforstand med kvarandre og at det ikkje finst vesentlege hindringar for nyetablering.

Føretak
Konkurranselova gjeld for føretak, det vil seie alle einingar som driv økonomisk verk semd. Det spelar inga rolle om verksemda har som mål å gi økonomisk gevinst eller ikkje, eller kva juridisk form det er på verksemda. Offent­lege organ kan òg falle inn under omgrepet når det ikkje er tale om utøving av styresmakt.

Føretakssamanslutning
Fusjonar, oppkjøp og avtalar som fører til direkte eller indirekte, heil eller delvis kontroll i andre selskap. Føretakssamanslutningar skal meldast til Konkurransetilsynet.

Horisontal avgrensing av konkurransen
Horisontale avtalar er avtalar mellom føretak på same ledd i distribusjonskjeda, til dømes mellom detaljistar eller mellom produsentar. Prissamarbeid og marknadsdeling er eksempel på horisontal avgrensing av konkurransen.

Kartell
Ei gruppe sjølvstendige føretak som gjennom avtale eller samordna opptreden hindrar, innskrenkar eller vrir konkurransen. Prissamarbeid, anbodssamarbeid og marknads­deling er døme på kartellverksemd.

KOFA
Klagenemnda for offentlege anskaffingar

Konkurranseavgrensande samarbeid
Konkurranselova sitt forbod mot samarbeid som avgrensar konkurransen, omfattar alle typar avtalar, skriftlege og munnlege, mellom to eller fleire føretak. Avtalen treng ikkje vere rettsleg bindande. Samordna opptreden vert òg ramma, sjølv om det ikkje finst nokon avtale. Forbodet omfattar dessutan avgjerder som er treft av samanslutningar av føretak, til dømes ein bransjeorganisasjon.

Konkurransestyresmakter
Konkurranse­styresmaktene i Norge er Kongen, Fornyings-­, administrasjons- og kirkedepartementet og Konkurransetilsynet.

Konsentrasjon
Dersom det er få, store føretak i ein marknad, er det høg konsentrasjon i marknaden. Ein fusjon eller eit oppkjøp som gjer at talet på aktørar i ein marknad minkar, førar til auka konsentrasjon i den marknaden.

Lemping
Heil eller delvis nedsetting av lovbrotsgebyr, også omtala som «leniency». Eit føretak som deltar i eit ulovleg samarbeid kan verte fri­ teke for lovbrotsgebyr dersom det er det første til å avsløre samarbeidet. Andre føretak som deltek i kartellet kan oppnå delvis fritak ved å samarbeide med Konkurransetilsynet under etterforskinga.

Lovbrotsgebyr
Også kalla administrativ eller sivilrettsleg bot. Ved brot på konkurranselova kan Konkurransetilsynet gjere vedtak om lovbrotsgebyr. Eit slikt vedtak kan ikkje påklagast, men kan handsamast av domstolane.

Marknadsavgrensing
Når Konkurran setilsynet skal vurdere kva for verknader ei særskild åtferd har for konkurransen, eller kva for verknader ei føretakssamanslutning kan ha, tar tilsynet utgangspunkt i forholda i den eller dei aktuelle marknadene. Avgrensing av den relevante marknaden inneber å identifisere ein produktmarknad og ein geografisk marknad. Marknadsavgrensinga må gjerast konkret i kvar enkelt sak.

Marknadsdeling
Oppdeling av marknader mellom konkurrentar. Det kan til dømes vere tale om geografisk deling, deling av kundegrupper eller deling av marknader for ulike produkt.

Misbruk av dominans
Sjå Utilbørleg utnytting av dominerande stilling.

Monopol
Ein marknad med berre eitt føretak.

Oligopol
Ein marknad som er dominert av eit fåtal store føretak.

Overtredelsesgebyr (bokmål)
Sjå Lov­brotsgebyr.

Prissamarbeid
Samarbeid om fastsetting av prisar. Prissamarbeid svekkjer konkurransen, fordi pris som regel er den viktigaste faktoren i konkurransen. Derfor ser konkurransestyresmaktene særleg alvorleg på slikt samarbeid.

Påbod om opphøyr
Ved brot på forboda i konkurranselova kan Konkurransetilsynet påby at den ulovlege åtferda skal opphøyre. Eit påbod om opphøyr kan innehalde alle tiltak som er naudsynte for å få slutt på lovbrotet. Påbod om opphøyr kan òg nyttast i kombinasjon med gebyr.

Påpeiking
Fråsegn frå Konkurransetilsynet om konkurranseregulerande verknader av offent­ lege tiltak.

Relevant marknad
Sjå Marknadsavgrensing.

Utilbørleg utnytting av dominerande stilling
Utilbørleg utnytting av ei dominerande stilling er forbode etter konkurranselova. Det vil seie at føretak som kvar for seg eller saman har ei dominerande stilling i marknaden, ikkje får misbruke denne marknadsmakta. Eksempel på utilbørleg utnytting er urimelege prisar; konkurranseskadeleg underprising; avgrensing av produksjon og sal; lojalitetsrabattar og ­vilkår samt konkurranseskadelege koplingar av ulike produkt og/eller tenester.

Vertikal avgrensing av konkurransen
Avtalar mellom føretak på ulike ledd i distribusjonskjeda, til dømes mellom grossistar og detaljistar. Fastsetjing av bindande minimumsprisar og visse former for eksklusivitetsavtaler er døme på vertikal avgrensing av konkurransen.

 

Publisert: 09.02.2010

Print