Kontakt oss

Konkurransetilsynet
Postboks 439 Sentrum
5805  Bergen

Telefon: 55 59 75 00
Telefaks: 55 59 75 99

Kontakt Konkurransetilsynet dersom du kjenner til forhold som kan innebere brot på konkurranselova.

Det er viktig at Konkurransetilsynet får informasjon om forhold som påverkar konkurransen på ein negativ måte. Ulovleg samarbeid og misbruk av ein dominerande stilling kan vere svært skadeleg og råkar i siste omgang forbrukarane og andre bedrifter.

Send ein klage dersom du sjølv er utsett for åtferd som kan skade konkurransen. For å kunne ta stilling til klagen, er Konkurransetilsynet avhengig av å få detaljerte opplysningar om forholdet klagen gjeld. Klagen kan sendast i brevs form, eller ved å fylle ut eit elektronisk klageskjema.

Send eit tips dersom du kjenner til eller har mistanke om brot på konkurranselova, men ikkje har nok informasjon til å sende ein formell klage. Alle tips blir registrerte og vurderte. Bruk vårt elektroniske tipsskjema, eller ring tipstelefonen: 55 59 75 55.


Andre førespurnader
Dersom du har spørsmål eller andre førespurnader til Konkurransetilsynet, kan du nytte dette skjemaet.

 

Publisert: 22.03.2010

Print