Årleg blir det brukt om lag 2 milliardar kroner på pasienttransport i Noreg. Størstedelen av dette er knytt til drosjereiser. Dei regionale helseføretaka (RHF) står for innkjøp av pasienttransport. Helseføretaka nyttar anbodskonkurransar ved innkjøp av pasienttransport som eit verkemiddel for å stimulere til konkurranse og slik redusere utgiftene til pasienttransport. Lågare utgifter til pasienttransport vil gi meir pengar til behandling av pasientar.
Både løyvestyresmaktene (fylkeskommunane) og innkjøparane (RHF) kan påverke graden av konkurranse i anbod om pasienttransport. Fylkeskommunen kan blant anna legge til rette for konkurranse ved å opne for fleire drosjesentralar i eit område og ved å auke talet på drosjeløyve. Helseføretaka kan påverke konkurransesituasjonen gjennom utforminga av anbodsgrunnlaget og ved å vere ein årvaken innkjøpar som ser etter teikn på ulovleg anbodssamarbeid. Konkurransetilsynet sende i mars 2009 brev til fylkeskommunane og til dei regionale helseføretaka for å opplyse om ulike vegar å gå for å auke konkurransen.
I dei tilfella det er lagt til rette for konkurranse, kan ulovleg samarbeid mellom konkurrerande drosjeføretak medføre at konkurransen blir svekka eller eliminert. Konkurransetilsynet kan då påby opphøyr av den ulovlege framferda og pålegge gebyr og andre sanksjonar til føretaka som samarbeidde.
Taxi Midt-Norge AS – ein fylkesdekkande sentral som organiserer drosjeløyvehavarar i Nord-Trøndelag fylke – gav i september 2006 eit tilbod på vegner av alle drosjesentralane og drosjeløyvehavarane i ein anbodskonkurranse utlyst av Helse Midt-Norge RHF om kjøp av pasientreiser for Nord-Trøndelag. Tilbodet innebar såleis eit anbodssamarbeid mellom alle drosjeløyvehavarar i Nord-Trøndelag.
Helse Midt-Norge RHF sende ei klage om anbodssamarbeidet til Konkurransetilsynet. Etter ei vurdering av alle opplysningar i saka, kom Konkurransetilsynet til at Taxi Midt-Norge AS sitt tilbod i anbodskonkurransen innebar eit ulovleg anbodssamarbeid i strid med konkurranselova § 10. Varsel om lovbrotsgebyr blei sendt i desember 2008, og endeleg vedtak blei gjort i mars 2009. Taxi Midt-Norge fekk eit lovbrotsgebyr på 300 000 kroner for brot på konkurranselova. Helse Midt Norge gjennomførte også ein anbodsrunde i 2008, med sikte på å starte med nye kontraktar og leverandørar frå og med 1. januar 2009. Sjølve anbodsrunden blei likevel avlyst, då tilboda som kom inn ville medføre ein vesentleg høgare kostnad enn det som var budsjettert for pasienttransport i Nord-Trøndelag. Helse Midt Norge gjekk derfor i direkte forhandling med fleire potensielle tilbydarar i marknaden.
Resultatet blei at tre leverandørar fekk kontrakt på pasienttransport i ulike delar av Nord-Trøndelag for perioden 1. januar 2009 til 31. desember 2011, med høve til 1 års forlenging. Ifølgje Helse Nord-Trøndelag HF utgjer innsparinga ved å få konkurrerande tilbydarar av pasienttransport ca. 2 millionar kroner i året. Helseføretaket har opplyst at Konkurransetilsynet sitt varsel om inngrep mot Taxi Midt-Norge spela ei vesentleg rolle i å få aksept for utfallet av forhandlingane med dei ulike leverandørane.
Eit viktig punkt i Konkurransetilsynet si vurdering av samarbeidet gjennom Taxi Midt Norge var om dei ulike drosjeføretaka som deltok i samarbeidet var faktiske eller potensielle konkurrentar i anbodskonkurransen. Anbodsgrunnlaget stilte ikkje noko krav om at ein tilbydar måtte kunne yte tenester til ein eller fleire kommunar på eiga hand, og samtlege sentralar og løyvehavarar kunne i prinsippet levere inn tilbod på delar av anbodet åleine. Konkurransetilsynet la derfor til grunn at løyvehavarane som var tilknytta den fylkesoverbyggjande sentralen i stor grad var faktiske eller potensielle konkurrenter.
I ei liknande sak i Nordland blei det frå helseføretaket stilt større krav til kapasitet. Dette medførte at det i store delar av fylket ikkje var grunnlag for å gi meir enn eitt tilbod i konkurransen. I desse områda ville derfor helseføretaka ikkje fått inn meir enn eitt tilbod sjølv utan samarbeidet gjennom det fylkesdekkande drosjeføretaket. Konkurransetilsynet kom derfor til at det ikkje var grunnlag for å gripe inn i saka i Nordland.
Dersom omsynet til verksam konkurranse blir tillagt lite vekt, må fylkeskommunane og Helseføretaka vere budde på at innkjøp av transporttenester blir meir kostbart. Er det ikkje lagt til rette for konkurranse, vil normalt heller ikkje konkurransereglane få avgjerande innverknad. Er det berre eitt drosjeføretak eller ein konstellasjon av slike som kan gi anbod som følgje av anbodsgrunnlaget, vil det ikkje vere noko ulovleg anbodssamarbeid å gripe inn imot.
Eksempla frå Nord-Trøndelag og Nordland illustrerer godt kor viktig det er å lykkast i å skape eit godt grunnlag for konkurranse gjennom utforming av anbodsgrunnlag, årvaken gjennomføring av anbodskonkurransen, og gjennom aktiv handheving av konkurranselova.
Velfungerande konkurranse gir meir pengar til helse.