Ei spreiing av medierettane for fotball ville vere til gunst for forbrukaren med omsyn til tilgjengelegheit, pris og kvalitet.
Fordelinga av fotballrettane på fleire tilbydarar har bidratt til eit rikare produktutval og lågare prisar – til glede for forbrukarane.
Vinteren 2007/2008 starta Konkurransetilsynet ein dialog med Norges Fotballforbund (NFF) om det komande salet av rettane til norsk toppfotball for perioden 2009–2012. Konkurransetilsynet hadde i 2005 – utan å gjere vedtak – vurdert lovgrunnlaget for eit kollektivt og eksklusivt sal av medierettane til Telenor og TV 2 for perioden 2006–2008. Konkurransetilsynet var derimot uroa for at eksklusivt sal også i neste avtaleperiode skulle medføre negative effektar for konkurransen til ulempe for forbrukaren. For å sikre mest mogleg verksam konkurranse om rettane kommuniserte tilsynet både skriftleg og munnleg med NFF, og rettleia på ei rekke konkrete punkt om utforminga av konkurransegrunnlaget for den komande salsprosessen.
Konkurransetilsynet var opptatt av at dersom rettane framleis skulle seljast samla av NFF, burde det leggjast til rette for at dei kunne delast mellom fleire konkurrerande aktørar. Dette ville etter tilsynet si oppfatning både bidra til å fremme konkurransen mellom tradisjonelle kringkastarar og ikkje minst mellom ulike distribusjonsplattformer. Det var tilsynet si oppfatning at ei slik spreiing av medierettane ville vere til gunst for forbrukaren med omsyn til tilgjengelegheit, pris og kvalitet. Formålet med denne evalueringa er å undersøke kva for eventuelle effektar den nye medieavtalen har hatt for forbrukarane i forhold til nettopp desse kriteria.
Tilgjengelegheit
Medierettane for 2009 til 2012 blei selde til ei rekke ulike aktørar, m.a. TV 2, Lyse Tele/Altibox, Schibsted og NRK. I inneverande periode er rettane altså fordelte på fleire konkurrerande tilbydarar, og som evalueringa dokumenterer har dette ført til både auka tilbod på betal-TV og fleire kampar på gratis-TV i 2009 enn i 2008. Merk at auka tilgjengelegheit sannsynlegvis også har medverka til at fleire faktisk har sett norsk fotball i 2009, det har vore ein betydeleg auke i både talet på abonnentar på betal-TV/web-TV og sjåarar på gratis-TV [1].
Pris
Når fleire aktørar konkurrerer om dei same kundane, vil dette normalt resultere i lågare prisar og/eller auka kvalitet. Konkurransetilsynet si analyse viser at forbrukarane i 2009 kan velje mellom ei rekkje fleire kampprodukt enn i 2008. Samtidig har prisnivået blitt lågare og meir differensiert i forhold til ulike kampprodukt. Fordelinga av fotballrettane på fleire tilbydarar og den etterfølgjande konkurransen har altså bidratt til eit rikare produktutval og lågare prisar til glede for forbrukarane.
Kvalitet – produktutvikling og innovasjon
Medieavtalen har altså ført til eit større utval av fotballkampprodukt, særleg på web og IPTV-plattforma. Det er også interessant at forbrukarane gjennom IP-teknologi har fått tilgang til ei rekkje nye tenester, blant anna større grad av interaksjon mellom forbrukar og tilbydar og tilgang til å sjå klipp frå kampar eller heile kampar etter kampslutt. Såleis kan det argumenterast for at den nye medieavtalen har stimulert til innovasjon rundt fotballproduktet og utvida konkurranseflata mellom tradisjonelt TV og web-TV.
Eit nødvendig vilkår for denne konkurransen har vore at web-TV-tilbodet har hatt god nok kvalitet. På web-TV-plattforma har medieavtalen bidratt til ei teknisk utvikling som blant anna gjer det mogleg å oppnå betre biletkvalitet ved bruk av såkala ”adaptive streaming”-teknologi. Web-TV-aktørane har også innretta seg slik at kapasiteten i den underliggande infrastrukturen blir utnytta på ein effektiv måte, slik at nettet tåler fleire samtidige sjåarar utan å bryte saman. Signal frå både TV 2 og Schibsted dreg i retning av at dette fungerte bra i 2009-sesongen.
Ein studie viser at fotballsendingar er ein type sportsinnhald som genererer høg betalingsvilje hos TV-sjåarane [2]. Dette gjer fotballen til ein utmerka drivar for å motivere rettighetshavarane til vidare utbygging og utvikling av breibands-TV- og web-TV-plattformene. Web-plattforma ligg likevel framleis eit stykke etter tradisjonelt TV i forhold til biletkvalitet og leveringstryggleik, men i åra som kjem er det venta at desse skilnadene vil bli vesentleg reduserte. Dermed vil medieavtalen på sikt også kunne stimulere til sterkare konkurranse mellom tilbydarar på dei forskjellige distribusjonsplattformene.
Publisert:
22.03.2010
Print