Konkurransetilsynet vil betre forbrukarane sine moglegheiter til å samanlikne prisar.
Ei rekkje fylkeskommunar har lagt til rette for auka konkurranse etter påpeikingar frå Konkurransetilsynet.
Konkurransetilsynet er opptatt av å bidra til å forbetre konkurransesituasjonen i drosjemarknaden og har ved fleire høve nytta heimelen i konkurranselova § 9 e til å påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak i drosjemarknaden.
I 2007 utarbeidde Konkurransetilsynet to påpeikingar som handla om konkurransemessige konsekvensar av forhold som fylkeskommunane er ansvarleg for (sjå lenkjer til høgre på sida). Fylkeskommunen er løyvestyresmakt med vid kompetanse til å fastsette korleis drosjenæringa skal organiserast i det einskilde løyvedistrikt. Fylkeskommunen kan blant anna avgjere om det skal vere ein eller fleire drosjesentralar i eit distrikt, avgjere om det skal delast ut fleire drosjeløyve i distriktet, kva drosjesentral nye drosjeløyve skal knytast til og fastsette reglar for prisopplysning.
I påpeikingane oppfordra Konkurransetilsynet fylkeskommunen til å legge vekt på omsynet til verksam konkurranse ved utforminga av løyvepolitikken, og omtalte fleire moglege tiltak for oppnå dette. Tilsynet peika mellom anna på at fylkeskommunen kan opne for nye drosjesentralar i eit distrikt, gjennomføre ein objektiv prosess for å analysere behovet for nye drosjeløyve, fastsette øvre avgrensingar på kor stor del av løyva i eit distrikt som kan vere knytte til éin einskild sentral, og legge til rette for betre prisopplysning og utforme drosjehaldeplassar slik at kundane får eit reelt val når det gjeld drosjeselskap.
Konkurransetilsynet har evaluert fylkeskommunane si oppfølging av påpeikingane. Nokre fylkeskommunar meiner at lange avstandar og spreidd busetjing gjer at det ikkje ligg til rette for verksam konkurranse i drosjenæringa i det aktuelle fylket. Desse fylka har derfor ikkje sett i gang konkurransefremmande tiltak. Ei rekkje andre fylkeskommunar har lagt til rette for auka konkurranse etter tilsynet sine påpeikingar. Fleire fylke har medverka til auka konkurranse ved å tillate etablering av flere drosjesentralar i same distrikt. Det er oppretta nye sentralar i Bergen, Ålesund, Tromsø, Nedre Romerike, Asker/Bærum og Stjørdal.
Nokre fylkeskommunar har innført tiltak mot dominerande sentralar ved å innføre avgrensingar på kor mange løyve i eit distrikt som kan vere tilnytta ein einskild sentral. Slike ordningar er mellom anna innført i Bergen og Stavanger. Fleire fylkeskommunar har også fått utarbeidd uavhengige undersøkingar for å vurdere behovet for nye drosjeløyve, og talet på drosjeløyve er auka i fleire område.
Fleire fylkeskommunar har peika på at eit påbod om bruk av parallelltakst vil gjere det enklare å samanlikne ulike tilbod og etterprøve om prisen er korrekt. Det har vist seg vanskelegare å leggje til rette for prisopplysing og fysisk tilrettelegging av drosjehaldeplassar slik at det blir lettare for kundane å velje billegaste drosje.
| Enklare drosjetakstar skal gi betre konkurranse |
| Konkurransetilsynet i 2009 har utarbeidd og sendt på høyring eit forslag til ny forskrift om takstberekning og maksimalprisar for drosjetransport. Parallelltakstsystemet er eit nytt og lettare forståeleg system for berekning av pris på drosjetenester. Konkurransetilsynet meiner at forslaget, saman med betre prisoppslag på større drosjehaldeplassar og i drosjane, vil betre forbrukarane sine moglegheiter til å samanlikne prisar og gjere informerte val av tilbydarar og slik styrke konkurransen mellom aktørane i drosjemarknaden. Forslaget har vore ute til høyring, og tilsynet arbeider no med å ta endeleg stilling til vedtak i saka. |
Tilrettelegging for god prisopplysning som lett kan samanliknast har også samanheng med forhold som er utanfor fylkekommunen sin kontroll. Fysisk tilrettelegging av haldeplassane for prisinformasjon og val mellom drosjeselskap stiller vilkår om samarbeid med blant andre kommunen og vegstyresmakter. Konkurransetilsynet deltar i ei arbeidsgruppe med representantar frå Forbrukerombudet, Forbrukerrådet og Norges Taxiforbund som arbeider med å løyse problemstillingar knytte til prisopplysning. Arbeidsgruppa har utarbeidd malar for presentasjon av drosjeselskapa sine prisar som skal nyttast på og i drosjer, og på større haldeplassar. Arbeidsgruppa arbeider også opp mot kommunar og vegvesen for å få sett opp skilt for prisoppslag på større haldeplassar.
Velfungerande konkurranse i drosjemarknaden er viktig for forbrukarane. Erfaringane frå tilsynets vedtak V2009-7, som galdt pasienttransport i Nord-Trøndelag fylke, viser også at dei regionale helseforetaka (RHF) sine utgifter til pasienttransport i stor grad heng saman med korleis konkurransen i drosjemarknaden fungerer. Det er derfor viktig at fylkeskommunane arbeider vidare for å stimulere til auka konkurranse i drosjemarknaden.
Publisert:
22.03.2010
Print