Krise for samfunnet – auka fare for kartell?
Ulovleg pris- og anbodssamarbeid kan føre til særs store skadar for fellesskapet. Ei av dei viktigaste oppgåvene til konkurransetilsynet er derfor å avdekkje slikt samarbeid.
Tidleg i 2009 blei det klart at regjeringa ville bøte på krisa i marknaden for bygg og anlegg. Offentlege bygge- og vegprosjekt til ein samla verdi av nærare 20 milliardar kroner blei lyst ut tidleg på våren i ein tiltakspakke mot finanskrisa. Samstundes løyvde regjeringa 400 000 kroner i ekstra midlar til Konkurransetilsynet.
«Vi er nøydde til å nytta fellesskapet sine pengar på beste måte. Vi skal ta skurkane slik at pengane går til varer og tenester», uttala fornyingsminister Heidi Grande Røys på ein pressekonferanse i Konkurransetilsynet sine lokale då løyvinga vart gjort kjent.
Forholdet mellom ressursbruk som gikk til behandling av saker etter §§ 10/11, § 16 og § 9 e i 2009 går fram av figuren til høgre på sida.
Forhold mellom ressursbruk som gikk til behandling av saker etter §§ 10/11, § 16 og § 9 e i 2009.
(Registreringa tok til i januar 2009, og vi tek atterhald om at den kan vera noko usikker det første året systemet blir prøvd ut.)
I samband med dei store anbodskonkurransane som blei lyst ut våren 2009, har Konkurransetilsynet dette året hatt eit særleg fokus på bygg- og anleggsbransjen og på faren for ulovleg anbodssamarbeid. Ulovleg anbodssamarbeid kan mellom anna vere:
- Fiktive anbod: Verksemdene er samde om at éi av dei skal levere det lågaste anbodet. Dei andre leverer anbod med høg pris eller vilkår som ikkje kan aksepterast.
- Unnlating: Eit føretak som normalt ville levert inn anbod let vere å gjere det.
- Anbodsrotasjon: Verksemdene byter på å gi lågaste anbod.
- Marknadsdeling: Konkurrentane deler marknaden mellom seg. Det kan gjerast geografisk eller på produktområde.
Avdekking av kartell, mellom anna ulovleg anbodssamarbeid, har høgste prioritet for Konkurransetilsynet.
Kartellverksemd er eit samleomgrep for fleire typar samarbeid som på ulike måtar set konkurransen i marknaden heilt eller delvis ut av spel. Det inneber at to eller fleire aktørar innanfor ein bransje samarbeider om forhold dei skulle ha konkurrert om. I staden for å konkurrere om kontraktar og leveransar, slik kundane føreset, inngår kartelldeltakarane til dømes avtalar om deling av marknader, storleiken på rabattar og prisar og storleiken på tilbod ved anbod.
Konsekvensen av konkurransekriminalitet er mellom anna høgare prisar. Internasjonale studiar syner at prisane aukar med 10–30 prosent ved ulovleg samarbeid. Statlege og kommunale styresmakter kjøper årleg inn varer og tenester for over 300 milliardar kroner. Dersom aktørane samarbeider om offentlege anbod, kan tapa bli formidable.
Betre kunnskapen om konkurranselova
Konkurransetilsynet har gjennom 2009 halde fram arbeidet med å auke kunnskapen om konkurranselova i norsk næringsliv. Tidleg på året blei det laga ei sjekkliste til bruk for offentlege innkjøparar for å avdekkje ulovleg anbodssamarbeid. Sjekklista er resultat av eit internasjonalt samarbeid i regi av OECD der Konkurransetilsynet har deltatt aktivt. Sjekklista ligg på tilsynet si heimeside og er marknadsført i ei rekkje møte med innkjøparar mellom anna i regi av KS, KOFA, fleire private innkjøpsfora og innkjøps- og anbodsansvarlege i dei store byane og anlegga. Dette har vore mellom dei største satsingane i 2009.
Ei viktig satsning som er ført vidare frå 2008 er informasjon om lempingsordninga.
Kartellverksemd kan straffast med høge bøter, men det fyrste selskapet som bryt ut og varslar Konkurransetilsynet, kan gå fri. Andre deltakarar i kartellet kan få redusert sine bøter ved å samarbeide under etterforskinga.
Ordninga blir kalla lemping, og erfaringar frå EU, USA og andre land syner at eit godt fungerande lempingsprogram er det viktigaste verkemidlet for å avsløre kartellverksemd.
Spørjeundersøkingar utførde for Konkurransetilsynet syner at ordninga dessverre ikkje er godt nok kjend blant leiarar i næringslivet. Konkurransetilsynet har derfor sett i gang fleire informasjonskampanjar om ordninga. I 2009 gjekk ein kampanje på flytoget som skulle syne både at samarbeid mellom konkurrentar kan vere straffbart og at det finst opningar for å kome ut av eit slikt samarbeid. Sjå www.konkurransetilsynet.no for meir informasjon og for å sjå filmen som blei nytta i kampanjen.
Gjennom året har vi arbeidd for å spreie bodskapen om faren for ulovleg anbodssamarbeid og mogleg tilgang til lemping ved ei rekkje foredrag i eigne seminar, og som gjester i andre seminar.
Bygg- og anleggsbransjen har vore særleg sentral
Den viktigaste aktiviteten i tilsynet er å søkje etter dei ulike formene for konkurransekriminalitet, og som nemnt har bygg- og anleggsbransjen vore særleg sentral i året som har gått. I Konkurransetilsynet er det organisert eigne prosjekt for at tilsynet skal kunne gjere seg kjend med aktørane i dei ulike marknadene som til saman utgjer bygg- og anleggsbransjen. Dette arbeidet er framleis i gang.
Styrkje tilsynet sin kompetanse i etterforskingsarbeidet
Arbeidet med å styrkje tilsynet sin kompetanse i etterforskingsarbeidet er i 2009 delt i to.
For det fyrste er spesialmedarbeidarar innan behandling av digitalt beslag kursa ytterlegare slik at tilsynet fullt ut skal ha nytte av utstyret for handsaming av slikt beslag. For det andre er det arrangert særskilte kurs i forklaringsopptak for etterforskarar og anna personell som kan kome til å arbeide med etterforskingssakar i tilsynet.
Bevissikringar i to saker
Konkurransetilsynet har i 2009 gjennomført bevissikringar i to saker på sju ulike stader mot til saman fem føretak. Det er tatt opp ni formelle forklaringar i samband med etterforskinga av to forskjellige saker.
Etterforskingsskritt
| Aktivitet |
2006 |
2007 |
2008 |
2009 |
| Bevissikring § 25 – saker/stader |
2/4 |
2/6 |
3/5 |
2/7 |
| Forklaringsopptak § 24 – saker/stader |
2/7 |
3/12 |
4/12 |
2/9 |
| Bistand til ESA/Kommisjonen – saker/stader |
1/2 |
0 |
2/3 |
0 |
Andre viktige aktivitetar
Rettssaka mot Tine
Rettssaka Tine reiste mot Staten ved Konkurransetilsynet, fordi Tine ikkje aksepterte eit gebyr på 45 millionar kroner, blei ført for Oslo tingrett hausten 2008. I dom av 25. mars 2009 blei vedtaket til Konkurransetilsynet oppheva. Tilsynet har anka dommen inn for Borgarting Lagmannsrett. Anken omfattar både bevisvurderinga og rettsbruken.
Meieriovervaking
Bruttomarginovervakinga i meierisektoren blei vidareført i 2009. Formålet med ordninga er å kontrollere om Tine sine bruttomarginar er så låge at dei kan utgjere ein konkurranseskadeleg marginskvis i strid med konkurranselova § 11.
Til toppen
I løpet av 2009 har tilsynet gitt pålegg om opphøyr og gebyr i tre saker som handlar om ulovleg konkurranseregulerande samarbeid.
Konkurransetilsynet etablerte tidleg ei eiga kontrolleining som følgjer opp ulovlege konkurransereguleringar. I løpet av dei siste tjue åra er over førti forhold melde til påtalemakta, og det er gjort vedtak om bøter og inndraging for store beløp etter norske forhold. Det er eit faktum at forboda i konkurranselova og Konkurransetilsynet si aktive kontrollverksemd er godt kjende blant næringsdrivande og deira juridiske rådgjevarar. Det er viktig at desse veit at tilsynet følgjer opp indikasjonar på alvorlege brot på forbodsføresegnene med den kraft og tyngde som er nødvendig. Ein må rekne med at dette har ein viktig og nødvendig preventiv effekt.
Resultata av Konkurransetilsynet si etterforsking kjem i etterkant av analysar og evalueringar av beslag og forklaringar. Dette kan vere ein tidkrevjande prosess som ofte medfører at ei sak ikkje blir avgjort same året som den blei oppretta. I løpet av 2009 har tilsynet gjort vedtak i desse sakene om brot på forbodsføresegnene:
- Taxi Midt-Norge AS fekk lovbrotsgebyr på 300 000 kroner for å ha gitt eit tilbod på køyring av pasientar i Nord-Trøndelag som innebar eit ulovleg anbodssamarbeid mellom dei 270 løyvehavarane i føretaket. Det blei i same vedtaket pålagt opphøyr av den ulovlege verksemda. Konkurransetilsynet utarbeidde etter denne saka eit skriv til helseføretaket om korleis dei skulle utforma anbodskonkurransar for å trygge at det blei reell konkurranse om oppdraga.
- Grunnarbeid A/S og Gran og Ekran A/S, to entreprenørselskap i Trøndelag, fekk lovbrotsgebyr på høvesvis 5 og 2 millionar kroner for ulovleg å ha samarbeidd om å gi kvar sine tilbod på vedlikehald av sju bruer i Steinkjer. Konkurransetilsynet meiner dei to selskapa ikkje konkurrerte reelt og at dei to boda blei gitt for å auke prisen og gje inntrykk av konkurranse. Dei to selskapa har nekta for dette, og har saksøkt Konkurransetilsynet. Saka kjem for retten i april 2010.
- Norges Turbileierforbund fekk lovbrotsgebyr på 400 000 kroner for å ha oppfordra medlemene sine til å auke prisane. I fleire artiklar i forbundet sitt medlemsblad blei det tatt til orde for prisauke og mellom anna gitt forslag til omfang og korleis dette kunne gjerast ved hjelp av ein priskalkulator som blei gjort tilgjengeleg for medlemene. I vedtaket blei det óg pålagt opphøyr av den ulovlege verksemda. Turbileierforbundet har avvist dette og har saksøkt Konkurransetilsynet. Saka kjem for retten i februar 2010.
Vedtak etter forbodsføresegnene i konkurranselova
| Type vedtak |
2006 |
2007 |
2008 |
2009 |
| Vedtak i § 10-saker – gebyr og opphøyr – saker/føretak |
0 |
0 |
2/4 |
2/2 |
| Vedtak i § 10-saker – berre gebyr – saker/føretak |
0 |
1/1 * |
0 |
1/2 |
| Vedtak i § 10-saker – berre opphøyr – saker/føretak |
0 |
1/2 |
1/2 |
0 |
| Vedtak i § 11-saker – gebyr |
0 |
1 * |
0 |
0 |
* Vedtaket gjeld overtreding av både § 10 og § 11.
Lovbrotsgebyr i saker etter § 10 og § 11 i 2009
| Føretak |
Gebyr (kroner) |
| Gran & Ekran AS (same sak som Grunnarbeid AS) |
2 000 000 |
| Grunnarbeid AS (same sak som Gran & Ekran AS) |
5 000 000 |
| Norges Turbileierforbund |
400 000 |
| Taxi Midt-Norge AS |
300 000 |
| Tipstelefonen |
| Konkurransetilsynet får stadig fleire tips gjennom tipstelefonen. Mange av tipsa har gitt relevante opplysningar i konkurransesaker. Nummeret til tipstelefonen er 55 59 75 55. |
2009 har på mange måtar vore eit lite typisk år. Finanskrisa har prega den økonomiske verksemda, og dette kan ein sjå av statistikken til Konkurransetilsynet. Det arbeidet som er starta for å sjå til at tiltakspakken frå regjeringa blir nytta på tiltenkt vis utan at konkurransekriminalitet får minke verknaden, held fram. Resultata av granskingane som blei gjort av bygg- og anleggsbransjen har til dømes gitt grunnlag for nye prosjekt i 2010. Konkurransetilsynet har gitt arbeidet med avdekking av kartell topp prioritet i fleire år og har brukt tida til å byggje kompetanse og informere næringslivet om lova og forbodsføresegnene i tillegg til lemping. Saman med arbeidet mot ulovleg anbodssamarbeid spesielt, vil denne satsinga halde fram.