Viktige saker i 2009

Seksjon Hovudutfordringar Viktigaste resultat

DAGLEGVARER, PRIMÆRNÆRINGAR OG FORBRUKSVARER

Seksjonsleiar
Magnus Gabrielsen

Daglegvaremarknaden er svært konsentrert. På detaljistleddet møter norske forbrukarar rundt 20 ulike butikkjeder, men alle desse er tilslutta ei av dei fire nasjonale kjedegrupperingane Norgesgruppen, Coop, Ica eller Rema 1000.

Konsentrasjonen på detaljistleddet har auka dei siste åra. Det er vanskeleg å etablere seg som ny aktør på detaljistleddet i marknaden.

For mange viktige produkt er det også høg konsentrasjon på leverandørsida. Meierimarknaden er eit eksempel på dette.

Seksjonen har i 2009:

  • overvaka daglegvarekjedene sine avtalar med marknadsleiande leverandørar og starta analyse av konkurransesituasjonen i ein utvald produktmarknad
  • varsla daglegvarekjedene om forlenging av meldeplikta for årsavtalane med marknadsleiande leverandørar fram til 2015
  • gripe inn mot føretakssamanslutninga mellom Validus AS og Sunkost ASA
  • vidareført overvakingsordninga for bruttomarginar i meierisektoren for å hindre prisåtferd som er til skade for konkurransen
  • rådd Fylkesmannen i Hedmark til å ta omsyn til konkurransen i samband med vurderinga av ein dispensasjon frå kjøpesenterforskrifta.

FINANS OG TENESTER

Seksjonsleiar
Eivind Stage

Kundar i finansmarknadene, som omfattar bank, sparing og forsikring, byter sjeldan leverandør. Mange opplever det som vanskeleg å orientere seg i marknaden. Under finanskrisa har det blitt endå vanskelegare å byte bank, noko som gjer det ekstra viktig at konkurransen fungerer.

Marknadene for betalingsformidling byr på særskilde utfordringar, særleg når det gjeld dei internasjonale betalingskorta.

I marknaden for offentleg tenestepensjon nyttar kommunane og andre offentlege etatar seg i svært liten grad av anbodskonkurransar. Det avgrensar konkurransen og gjer det vanskeleg å etablere seg for nye aktørar.

Seksjonen har i 2009:

  • overvaka marknadene for betalingskort og peika på sentrale konkurranseproblem i desse marknadene. Dei internasjonale kortselskapa har endra avtalane sine på ein måte som legg betre til rette for konkurranse. Høyringsuttale om konkurranseomsyn er følgd opp ved innføringa av nye reglar for betalingsformidling.
  • peika på at offentleg tenestepensjon i praksis blir kjøpt inn på ubestemt tid og utan utlysing etter anbodsreglane. Har bedt om avklaring av om slike pensjonsavtalar fell innanfor regelverket.

Andre viktige resultat:

  • Nye reglar gjer at du kan byte bank med BankID, utan å måtte møte personleg i den nye banken. Finansportalen har og ei eiga teneste for bankbyte på si nettside.
  • Konkurransetilsynet sitt forslag om å opne nettportalane for private bustadannonsar blei vedtatt. Forskrifta vart sett i verk 1. januar 2010.

IT, TELEKOMMUNIKASJON, MEDIA OG POST

Seksjonsleiar
Henrik Lande

Overvake konkurransesituasjonen i breibandsmarknadene, under dette problemstillingar knytte til kopling av breiband og TV.

Føre tilsyn med marknader i telekomsektoren, under dette marknader der Post- og Teletilsynet si ex-ante regulering blir avvikla, med særleg fokus på brot på konkurranselova § 11, og samanhengen mellom breibandskapasitet og tradisjonelle telefontenester.

Følgje den internasjonale utviklinga i IKT-marknadene.

Følgje opp den vidare utviklinga i bokavtalen.

Seksjonen har i 2009:

  • publisert ein rapport om kringkastingsmarknadene, uttalt seg i høyring om formidlingsplikt for allmennkringkastar, gitt uttale om tilhøvet til enkeltkanalval, uttalt seg om konkurransen i det digitale bakkenettet, og deltatt i arbeidsgruppe om valfridom og mangfald for TV-sjåarane
  • samarbeidd med PT om  PT si regulering av marknaden for tilgang til og samtaleorginering i offentlege mobilkommunikasjonsnett
  • fått utarbeidd rapport om det offentlege som innkjøpar i programvaremarknadene og følgt den internasjonale utviklinga i programvaremarknadene
  • vurdert deregulering av postmarknadene, mellom anna gjennom fleire høyringsuttalar
  • vurdert rapport om utviklinga i bokmarknaden og tilrådd avvikling av fastprissystemet i bokavtalen
  • avslått eit krav om tvangslisens fra Pharmaq AS.

ENERGI, INDUSTRI, BYGG OG ANLEGG

Seksjonsleiar
Ingunn Bruvik

Eigarskapen til kraftproduksjonen i Noreg er svært konsentrert om Statkraft, og mange av kraftprodusentane er samanvevd i eit nett av eigarskapsrelasjonar. Vidare gir flaskehalsar i overføringsnettet redusert konkurranse i somme område. Konkurransetilsynet er òg uroa for at konkurransen mellom marknadsaktørane ikkje skal skje på like vilkår, ettersom mange monopoleigarar av kraftnett er integrerte kraftselskap som òg produserer og sel kraft til sluttbrukar. Konkurransen i sluttbrukarmarknaden kan styrkast av meir prismedvitne og aktive forbrukarar.

Fare for ulovleg pris- og anbodssamarbeid: Mange verksemder innan bygg og anlegg opplyser at dei kjenner til at det er ulovleg prissamarbeid mellom aktørar i deira bransje. Mange forbrukarar opplever handverkarbransjen som problematisk.

Seksjonen har i 2009:

  • drive kontinuerleg marknadsovervaking av engrosmarknaden for kraft i samarbeid med NVE som ledd i arbeidet med å avdekke eventuell misbruk av marknadsmakt i kraftmarknaden. Konkurransetilsynet har i 2009 vurdert nærare fleire utslag i overvakingsverktøyet.
  • vurdert fleire føretakssamanslutningar i kraftmarknaden grundig, men ingen av desse har vore av ein slik karakter at det har ført til inngrep.
  • gitt fleire høyringsuttalar, mellom anna om endringar i industrikonsesjonslova/utleigeordning og avanserte måle-og styringssystem.
  • vedlikehalde kraftprisoversikta og sett igang arbeid for å gjennomføre nokre funksjonelle endringar
  • forsterka fokus på bygg-og anleggsmarknadene gjennom eigne prosjekt
  • vedtak om gebyr på totalt 7 millionar kroner til to aktørar for ulovleg samarbeid om utbetring av bruer i Steinkjer
  • deltatt i eit arbeidsutval for handverkartenester, leia av Forbrukerrådet.

TRANSPORT, HELSE OG LEGEMIDDEL

Seksjonsleiar
Karin Stakkestad Laastad

Større grad av gjennomsikt i drosjemarknaden vil kunne bidra til auka konkurranse og gjere det enklare for forbrukarane å orientere seg ved kjøp av tenester. Konkurransetilsynet har utarbeidd eit forslag til ny forskrift om takstberekning og maksimalprisar for drosjetransport som vil vere eit viktig bidrag i dette arbeidet.

Konkurranse i luftfartsmarknaden er eit prioritert område.

Det kan vere konkurransemessige utfordringar i marknadane for private helsetenester som får offentleg støtte, og dette kan ha innverknad på kvaliteten og effektiviteten av helsetenestene.

Seksjonen har i 2009:

  • kome med ei påpeiking til Helse- og omsorgsdepartementet om ordninga med offentleg driftstilskot og refusjon for fysioterapeutar
  • utarbeidd og sendt på høyring forslag til ny forskrift om takstberekning og maksimalprisar for drosjetransport
  • gitt Taxi Midt-Norge pålegg om opphøyr av og gebyr for brot på forbodet om konkurranseavgrensande samarbeid
  • påpeiking til Oslo kommune om konkurranseavgrensande verknader av bystyrevedtak i drosjenæringa
  • gitt Norges Turbileierforbund pålegg om opphøyr av og gebyr for brot på forbodet om konkurranseavgrensande samarbeid

ETTERFORSKING

Fungerande seksjonsleiar
Erling Espeskog

Alvorlege brot på forbodet mot pris- og anbodssamarbeid har høgste prioritet.

Lempingsordninga skal gjerast meir kjend.

Det igangsette arbeidet innan bygg- og anleggsmarknaden skal vidareførast overfor aktørar i bransjen, i tillegg til offentlege innkjøparar.

Seksjonen har i 2009:

  • gjennomført bevissikringar i to saker på sju ulike stader
  • gjennomført fleire møte med offentlege innkjøparar, med særskilt fokus på å avdekke kartellverksemd. Det er utarbeidd ei sjekkliste som innkjøparar kan nytte med tanke på å førebyggje anbodssamarbeid, og for lettare å kunne avdekke slikt samarbeid i ein innkjøpssituasjon.
  • delteke med innlegg i fleire seminar der anbodssamarbeid og lempingsordninga har vore tema
  • vidareført internopplæring når det gjeld sikring og analyse av elektroniske beslag

Publisert: 22.03.2010

Print