Lovendringar

Illustrasjon artikkel

Ei ny forskrift pålegg nettportalane å gi alle tilgang til å annonsere bustad på ikkje-diskriminerande vilkår.

Forskrift om oppnemning av forvaltar. I saker der Konkurransetilsynet set vilkår for gjennomføring av ei føretakssamanslutning kan tilsynet oppnemne ein forvaltar som skal sjå til at partane følgjer opp vilkåra. Ei ny forskrift som gir nærare reglar om forvaltarordninga vart fastsett av Fornyings- og administrasjonsdepartementet 15. september 2008 med verknad frå 1. januar 2009. Forskrifta gir klare kjørereglar for både oppnemning av og krav til forvaltar, og kva for plikter partane har i samband med gjennomføringa av oppdraget til forvaltaren. Regelverket gjer situasjonen meir føreseieleg både for forvaltar og for partane.

Unntak frå gjennomføringsforbodet. I samband med det automatiske gjennomføringsforbodet med verknad frå 1. juli 2008, er det i forskrift fastsett av Konkurransetilsynet 9. mars 2009 gitt reglar om unntak frå gjennomføringsforbodet for visse typar av erverv av verdipapir. Forskrifta inneber at offentlege overtakingstilbod, eller ein serie transaksjonar i verdipapir som blir omsett på ein regulert marknad, delvis kan bli gjennomført før fristen har gått ut. Føresetnaden for unntak er at føretakssamanslutninga blir meld til Konkurransetilsynet straks og at stemmerettane knytt til verdipapira ikkje blir tatt i bruk. Forskrifta gjeld frå 1. april 2009.

Konkurranselova gjeld på Svalbard. Frå 1. juli 2009 gjeld konkurranselova òg på Svalbard. Dette vart vedteke ved kgl. res. av 17. oktober 2008. Lova gjeld utan særlege lokale tilpassingar, men det er gjort unntak for reglar om tilpassingar til EØS-avtala, sidan denne ikkje gjeld for Svalbard.

Forskrift om tilgang til bustadannonsering på Internett. Etter forslag frå Konkurransetilsynet fastsette Fornyings- og administrasjonsdepartementet den 9. september 2009 ei ny forskrift som pålegg nettportalane å gi alle tilgang til å annonsere bustad på ikkje-diskriminerande vilkår. Tidlegare har nettportalar som Finn.no hatt ein praksis der berre profesjonelle har fått lov å annonsere. Dei nye reglane inneber at privatpersonar no sjølv kan leggje ut bustadannonser og såleis skal kunne velje om dei vil gjere ein større del av salsjobben sjølv. Forskrifta er gyldig frå 1. januar 2010.

Forsterke handhevinga av konkurranselova. Den 12. desember 2008 sende Fornyings- og administrasjonsdepartementet på høyring eit forslag til lovendring for å styrke handhevinga av konkurranselova. For å styrke lempningsprogrammet, foreslår departementet mellom anna å utvide området for lemping til òg å omfatte straff etter konkurranselova § 30. I tillegg blir det sett fram forslag om å avgrense retten til innsyn i dokument som er utarbeidde i forbindelse med ein søknad om lemping, slik at den som søkjer om lemping ikkje blir meir eksponert for sivile erstatningssøksmål enn den som ikkje søkjer om lemping. Departementet har òg sett fram forslag om ei forordning som skal styrke vernet om anonymiteten til føretak eller personar som tipsar Konkurransetilsynet om brot på konkurranselova. Lovforslaget byggjer i stor grad på innspel frå Konkurransetilsynet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Saka er enno under behandling.

 

Publisert: 22.03.2010

Print