Konkurransetilsynet arbeider internasjonalt gjennom konkurransefaglege organisasjonar og nettverk.
Konkurransetilsynet har eit stort internasjonalt nettverk.
På området konkurranserett har Noreg felles kjeldegrunnlag med EU. Derfor er det mykje å hente på å samarbeide med dei 29 andre EØS-landa, og med EU. Dette gjeld uavhengig av at Noreg ikkje er medlem i EU.
Konkurransetilsynet arbeider internasjonalt både i regelverkssaker, enkeltsaker, ved intern opplæring og utviklingsarbeid, og gjennom dei nettverka som dannar grunnlaget for vår kontakt med aktørar frå andre land. Å samanlikne oss med andre land er også eit instrument for å måle om vi gjer ting rett.
Konkurransetilsynet prioriterer og opplæring gjennom å delta i internasjonale konferansar og kurs. Dette gjer vi for å halde eit høgt kompetansenivå på utviklinga innan konkurranseretten i mellom anna EU. Eit av fleire eksempel på slik opplæring er kurs ved Kings College i London, der tilsynet jamnleg sender kandidatar.
Store deler av Konkurransetilsynet sin internasjonale kontaktbase blir halden ved like og utvikla gjennom internasjonale nettverk. Ei oversikt over dei mest sentrale av Konkurransetilsynets internasjonale nettverk og samarbeid er gitt i boksen under.
Oversikt over tilsynet sitt internasjonale nettverk og samarbeid
Nordiske konkurransestyresmakter. Årlege møte med utveksling av erfaringar. Har også tett, løpande kontakt. Kan utveksle informasjon som er underlagt teieplikt. Utarbeiding av felles nordiske rapportar på aktuelle tema av felles nordisk interesse.
EU/EØS. Tilsynet assisterer Fornyings-, administrasjons-og kyrkjedepartementet med implementering av EØS-regelverk i norsk rett i samsvar med våre plikter etter EØS-avtala. Tilsynet representerer Noreg i rådgjevande komité for konkurranse- og fusjonssaker, som Europakommisjonen og EFTAs overvakingsorgan (ESA) konsulterer i konkrete saker. Tilsynet assisterer ESA og Kommisjonen ved bevissikringar i Norge.
- European Competition Network (ECN). Samarbeidsforum for Europakommisjonen og konkurransetilsyna i EU sine medlemsstatar. Konkurransetilsynet er ikkje formelt medlem, men deltek i møte om policyspørsmål og tek imot informasjon som blir utveksla i nettverket.
- European Competition Authorities (ECA). Nettverk mellom konkurransedirektørane i EØS. Tilsynet tek også del i arbeidsgrupper i dette nettverket.
OECD. Tilsynet er med i OECD sin konkurransekomité og i to arbeidsgrupper under komiteen.
International Competition Network (ICN). Skal auke graden av internasjonalt samarbeid og bidra til harmonisering av regelverk.
Det framgår av boksen over at OECD er eit av fleire viktige internasjonale nettverk. Eit oversyn over Konkurransetilsynet sine bidrag til OECDs Competition Committee eller underkomiteane Working Party No. 2 on Competition and Regulation og Working Parly No. 3 on Co-operation and Enforcement er gitt i tabellen under.
Konkurransetilsynet sine bidrag til OECD sin Competition Committee
| OECD-møte |
Tittel på KT sitt bidrag |
| Februar-møta |
OECD Competition Committee |
Crisis and competition policy Innlegg av konkurransedirektør Knut Eggum Johansen |
| OECD Global Forum on Competition |
Competition policy, industrial policy and national champions -- Contribution from Norway -- |
| Juni-møta |
OECD Competition Committee |
Roundtable on two-sided markets -- Note by the Delegation of Norway -- |
| Oktober-møta |
OECD Competition Committee
|
Annual report on competition policy developments in Norway -- 2008 -- |
Roundtable on generic pharmaceuticals -- Contribution by the Delegation of Norway -- |
| Working Party No. 3 on Co-operation and Enforcement |
Roundtable on the application of antitrust law to state-owned enterprises -- Norway -- |
| Working Party No. 3 on Co-operation and Enforcement |
Discussion on corporate governance and the principle of competitive neutrality for state-owned enterprises -- Norway -- |
| Working Party No. 2 on Competition and Regulation |
Margin squeeze -- Norway -- |
Publisert:
22.03.2010
Print