Direktøren har ordet

Illustrasjon artikkel

Knut Eggum Johansen

For eitt år sidan var OECD-landa midt i den djupaste nedgangskonjunkturen etter den andre verdskrigen. Det var svært usikkert kor lenge nedgangen ville vare og kor djup den ville bli. Sjølv om Noreg var betre stilt enn mange andre land, gjekk produksjonen også i vårt land tilbake og arbeidsløysa auka raskt, særleg innanfor bygg og anlegg.

Gjennom samarbeidet med konkurransestyresmaktene i dei andre nordiske landa såg vi nærare på kva for utfordringar finanskrisa ville stille konkurransestyresmaktene overfor. Konklusjonen var klar: Konkurranselovgivinga var vel rusta til å møte finanskrisa og etterverknadene av den. Og ikkje minst: Konkurransepolitikken burde liggje fast. Også Europakommisjonen var heilt klar på dette. Konkurransekommisær Neelie Kroes understreka ved fleire høve kor viktig det er å ikkje slakke på konkurransepolitikken og gi seg inn på ein øydeleggjande statsstøttekonkurranse i eit nærsynt forsøk på å støtte industrien i eige land.

Bodskapen om å ikkje ta opp att feilgrepa frå depresjonen på 1930-tallet nådde fram. Krisetiltaka var målretta og effektive. Tiltakspakken i Noreg medverka til at vi no er på veg mot meir normal økonomisk veksttakt og at arbeidsløysa er låg samanlikna med mange andre land.

Konkurransetilsynet merka finanskrisa på fleire måtar. Talet på alminnelege meldingar om føretakssamanslutningar vart vesentleg redusert; frå 440 i 2008 til 293 i 2009. Gjennomføringsforbodet vart utfordra ved fleire tilfelle, sjølv om konkurranselova gir dispensasjonstilgang dersom forholda skulle tilseie det.

Eit anna område er forbodet mot ulovleg samarbeid. Samstundes som det er viktig å vende raskt tilbake til handlingsregelen for bruken av oljepengar, er det framleis bransjar som slit. I ein slik situasjon kan det vere freistande å samarbeide om prisar og deling av marknader heller enn å konkurrere. Konkurransetilsynet var tidleg klar på at tiltakspakken ville stille konkurransestyresmaktene overfor nokre utfordringar. Velfungerande konkurranse ved offentlege anbod var viktig for å få mest mogleg effekt av kvar tiltakskrone.

Difor har kampen mot kartell og ulovleg samarbeid vore høgt prioritert i året vi har bak oss. Anbodssamarbeid og annan konkurransekriminalitet fører til lågare økonomisk vekst og høgare prisar, og til sjuande og sist er det forbrukarane og skattebetalarane som får rekningen.

Denne satsinga vil bli ført vidare med full styrke i 2010. Men samstundes har erfaringane med praktiseringa av dagens konkurranselov vist oss at vi framleis har utfordringar med å oppnå ein fullgod avskrekkande effekt. Vi vil derfor i året som kjem jobbe målretta med å få på plass eit lempingsprogram som fungerer etter formålet. Parallelt med dette vil vi arbeide for å få på plass ei harmonisering av bøtenivå og - praksis med EU.

Kor viktig det er med ein velfungerande konkurransepolitikk, er i denne årsmeldinga illustrert gjennom fire konkrete eksempel. Vi har sett nærare på dei konkrete verknadene av eitt vedtak etter forbodsføresegnene i §10, eitt vedtak etter føresegnene om føretakssamanslutninger i §16, resultata av ei påpeiking etter konkurranselova §9e, og dessutan eitt eksempel på kva konkurransestyresmaktene kan oppnå gjennom konstruktiv dialog. Resultata frå desse evalueringane kan samanfattast ganske enkelt: Konkurransepolitikken verkar til beste for forbrukarane og næringslivet som møter tøff internasjonal konkurranse!


Knut Eggum Johansen
konkurransedirektør

 

Publisert: 22.03.2010

Print