Mål og resultat

Illustrasjon artikkel

Konkurransetilsynet skal som eit av resultatkrava drive og vidareutvikle kraftprisdatabasen.

Kvart år får Konkurransetilsynet eit tildelingsbrev frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet med rammer for tilsynet si verksemd det komande året.

I tillegg til dei økonomiske rammene fastlegg departementet mål, resultatkrav og krav til rapportering. Desse framgår av kapittel 3 i tildelingsbrevet, "Mål og resultatkrav".

Departementet legg vekt på at resultatrapporteringa til Konkurransetilsynet skal innehalde vurderingar av faktisk oppnådde resultat, med utgangspunkt i resultatkrava i tildelingsbrevet. I rapporteringa har tilsynet teke utgangspunkt i resultatrapporteringstabellen som vart vedlagt tildelingsbrevet.

Dei viktigaste aktivitetane og resultata er oppsummerte her under overskriftene samfunnseffektar, brukareffektar og interne prioriteringar.

I oppsummeringa finst det lenkjer til meir utfyllande omtale av dei ulike aktivitetane.

 

Publisert: 22.03.2010

Print