Omdømmeundersøking
Konkurransetilsynet gjennomførte ei omdømmeundersøking hausten 2008, etter mønster frå tidlegare år. Undersøkinga viste at tilsynet har nokre utfordringar i forhold til kunnskap om tilsynet og konkurranselova så vel som saksbehandlingstid. På den andre sida har brukargruppene eit godt inntrykk av tilsynet når det gjeld økonomisk og juridisk kompetanse.
Konkurransetilsynet har valt å ikkje gjennomføre ei ny omdømmeundersøking i 2009. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna at ein slik undersøking er svært ressurskrevjande å gjennomføre. Den viktigaste årsaka er likevel at tilsynet fryktar at ei så omfattande undersøking med relativt mange spørjingar kvart år vil slite uforholdsmessig mykje på respondentane – som i stor grad vil vere dei same frå eit år til eit anna. For å unngå slitasje og derigjennom sikre gode svar og høg svarprosent ynskjer Konkurransetilsynet såleis å gjennomføre omdømmeundersøking annakvart år.
Organisering og kompetanseoppbygging
Konkurransetilsynet har også i 2009 arbeidd aktivt og systematisk med kompetanseoppbygging slik at det framstår som profesjonelt, serviceinnstilt og med høg juridisk og økonomisk kompetanse.
Som eit ledd i betringsarbeidet i tilsynet blei det våren og hausten 2009 gjennomført felles samlingar for alle tilsette der målet var å drøfte og etablere forbetringar i arbeidsprosessane. Vidare har tilsynet gjennomført leiarsamlingar for å drøfte tiltak for betre organisering og rolleavklaring.
Konkurransetilsynet arrangerer omfattande kurs for nytilsette og har gjennomført ei rekke interne fagseminar i jus og økonomi. I tillegg har mange av tilsynet sine medarbeidarar delteke på kurs og konferansar i inn- og utland, i samsvar med individuelle kompetanseplanar. Resultatet er ein stab med eit svært godt konkurranseøkonomisk og juridisk fagleg grunnlag for saksbehandling av høg kvalitet. Vidare framstår tilsynet som ein arbeidsplass med gode tilhøve for fagleg utvikling.
Det vart og gjennomført andre viktige aktivitetar i 2009 med sikte på å innrette saksbehandling og kontakt med brukarar slik at tilsynet står fram som profesjonelt, serviceinnstilt og med høg juridisk og økonomisk kompetanse. Desse blir omtala i det følgjande.
Evaluering av saksbehandlingsprosessar
Hausten 2009 engasjerte Konkurransetilsynet ein ekstern konsulent for å gjennomføre ei evaluering av saksbehandlinga i to større saker; ei fusjonssak og ei sak om ulovleg samarbeid. Målsettinga med evalueringsarbeidet er å bidra til auka forståing for eigne prosessar så vel som eit viktig bidrag til arbeidet med å effektivisere prosjektarbeidet ved tilsynet.
Prosjektorganisering
Sommaren 2009 blei det etablert ei prosjektgruppe som skulle vurdere forslag til tiltak som er nødvendige for at arbeidet med større og kompliserte saker i tilsynet skal organiserast og behandlast på ein måte som gir 1) effektiv saksbehandling, 2) godt arbeidsmiljø og 3) avgjerder av høg fagleg kvalitet. Prosjektgruppa leverte fleire forslag til forbetring og klargjering av roller og ansvar i desember, og i januar 2010 vedtok leiargruppa å innføra desse.
Rettleiing for økonomiske analysar i konkurransesaker
I samband med behandlinga av saker etter konkurranselova tek Konkurransetilsynet imot eit betydeleg og aukande tal økonomiske analysar basert på empiriske studiar og økonomisk modellering. For at slike analysar lettare skal kunne tilleggjast vekt i saksbehandlinga, har tilsynet utarbeidd ei rettleiing for utarbeiding av økonomiske analysar som blir lagt fram for tilsynet. Rettleiinga er retningsgivande og har ikkje bindande verknad for Konkurransetilsynet si saksbehandling.
Til toppen
Sidan Konkurransetilsynet ikkje har gjennomført ei eiga omdømme- eller avskrekkingsundersøking i 2009, er det vanskeleg å dokumentere resultat av innsatsen for å halde oppe omdømmet til Konkurransetilsynet.
På den andre sida har Asplan Viak i 2009 evaluert flyttinga av Konkurransetilsynet til Bergen. Dessutan blir Konkurransetilsynet kvart år evaluert av Global Competition Reviews ”Rating enforcement”. I tillegg kjem Synovates profilundersøking for 2009 og Difi si årlege kvalitetsvurdering av offentlege nettstader. Hovudpoeng frå desse evalueringane er tekne med i det følgjande.
Synovates profilundersøking for 2009
Synovate si profilundersøking for 2009 viser noko svekka rangering for KT i høve til året før langs dimensjonane i) samfunnsansvar ii) effektivitet og økonomisk styring iii) openheit og informasjon og iv) kompetanse og fagkunnskap.
Difi si årlege kvalitetsvurdering
Konkurransetilsynet sine heimesider fekk toppkarakter (seks stjerner) i Difi si årlege kvalitetsvurdering – under dette er krava til tilgjengelegheit oppfylt 100 prosent.
”Evaluering av utflytting av statlig virksomhet: Konkurransetilsynet”
Rapporten blei utarbeidd av Asplan Viak på oppdrag frå FAD. I rapporten blir det vist til at Konkurransetilsynet har ein ung og uerfaren stab. Dette skuldast dels flyttinga som har ført med seg stor utskifting av personell. Leiinga har såleis brukt mykje av tida si på rekruttering og opplæring av nye medarbeidarar. For unge og uerfarne leiarar kan dette ha gitt ei dobbel belasting ved at dei både skulle jobbe seg inn i ei leiarrolle og foreta omfattande rekruttering som dei heller ikkje hadde mykje erfaring med. Dei erfarne leiarane som det var færre av måtte dermed ta eit stort ansvar i samband med opplæring, og heile organisasjonen var dermed i den mest intense ned-/oppbyggingsfasen klart redusert i høve til og å ha fullt fokus på den eksterne verksemda.
Like fullt er turnover i tilsynet redusert frå 20 prosent i 2007 til 15 prosent i 2008. Tilsynet er dermed på nivå med tida før flyttinga. Det blir peika på at flyttinga av Konkurransetilsynet til Bergen peikar seg ut med eit svært nært og godt samarbeid med universitets- og høgskolemiljøet, både med tanke på rekruttering av nyutdanna, utveksling av medarbeidarar med spisskompetanse, og fagleg samarbeid som utløyser gjensidig kompetanseheving. Konkurransetilsynet fekk tidleg inn nokre faglege spydspissar som fungerte som trekkplaster i rekrutteringsprosessen.
I dei brukarundersøkingane Asplan Viak gjennomførte i samband med evalueringa, blei det gitt uttrykk for at Konkurransetilsynet som organisasjon er i ferd med å etablere seg på same kvalitetsnivå som før flyttinga, og at mange av utfordringane i flytteperioden har vore knytt til at flyttinga skjedde samstundes som at reglane som skal handhevast har vore i sterk utvikling.
Brukarane uttrykte likevel ein viss frustrasjon over høg turnover, at det har vore mange nye og uerfarne medarbeidarar å forhalde seg til og at dette i nokon grad har gått utover kvaliteten på avgjerdene som blir tatt. Men dei gir samstundes uttrykk for at dette etter kvart har blitt eit mindre problem. Inntrykket er at tilsynet har sett i verk tiltak som har verka positivt: rekruttering av personell med høg formell kompetanse, kursing og god opplæring. Det blir òg gitt uttrykk for at tilsynet sine utgreiingar stort sett er fagleg gode, men at færre tilsette med praktisk erfaring har ført til at saksbehandlinga tar lengre tid og at tilsynet har blitt svakare når det gjeld å avdekke behov for og iverksette tiltak. På den andre sida meiner bransjen også at tilsynet har blitt svakare som politisk aktør og no mangler erfaring i politisk innverknad.
Rapporten konkluderer m.a. med at Konkurransetilsynet no held same faglege nivå i Bergen som det gjorde i Oslo.
Global Competition Review
Konkurransetilsynet får tre av fem stjerner i Global Competition Reviews ”Rating enforcement”, det same som året før. Global Competition Review gjennomfører kvart år ei evaluering av ei rekkje land sine konkurransestyresmakter. Evalueringa er gjort på grunnlag av to spørjeundersøkingar: éi blant konkurransestyresmaktene sjølv og éi blant brukarar som forheld seg til desse styresmaktene, til dømes juristar, økonomar og andre akademikarar, rådgivarar for verksemder og advokatar.
I evalueringa blir det peika det på at det enno er høg personellmessig turnover og at låg gjennomsnittsalder inneber at tilsynet ikkje har det seniorpersonell mange praktikarar utanom tilsynet ville ha ynskt. Likevel blir det i evalueringa peika på teikn til betring.
Vidare blir det peika på at arbeidet til tilsynet er relativt transparent, sjølv om einskilde advokatar meiner at det tidvis er vanskeleg å få tilgjenge til sakspapir, ikkje berre for tredjepart, men òg for partane sjølve. På den andre sida blir det vist til at tilsynet har hatt suksess med å forhandle løysingar på potensielle konkurranseproblem utan å måtte gå til konkrete handhevingssteg.