Offentlege innkjøp

Illustrasjon artikkel

Ulovlege direkte anskaffingar blir rekna som det alvorlegaste brotet på regelverket.

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) behandlar klager om brot på innkjøpsregelverket.

Sekretariatet til nemnda ligg administrativt under Konkurransetilsynet. Sjølv om KOFA og Konkurransetilsynet handhevar to ulike regelsett, er formålet det same: effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. Begge regelsetta er viktige for å hindre økonomisk kriminalitet, som for eksempel korrupsjon. Mange av korrupsjonssakene som er avdekte dei siste åra, er saker som gjeld ulovleg tileigning av offentlege midlar, og der det skulle ha vore gjennomført ein tilbodsprosess.

Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA)
KOFA er eit nasjonalt klageorgan som tek stilling til om ein offentleg oppdragsgivar har brote regelverket for offentlege innkjøp. Formålet er å få mest mogleg ut av samfunnet sine ressursar. Nemnda har 10 medlemmer som er oppnemnde av regjeringa. Leiar av nemnda er advokat Bjørg Ven. Sekretariatet til klagenemnda ligg administrativt under Konkurransetilsynet og held til i dei same lokala.

 

Viktige synergiar mellom KOFA og Konkurransetilsynet
KOFA og Konkurransetilsynet samarbeider om å skape eit felles fagmiljø for å møte dei utfordringane samfunnet står overfor når det gjeld økonomisk kriminalitet. Konkurransedirektøren ynskjer i samband med dette å knytte verksemda til KOFA tettare opp mot verksemda i tilsynet.

Eit ledd i denne integreringa var å omgjera Anneline Vingsgård si stilling som leiar av KOFA-sekretariatet, til ei direktørstilling med særleg ansvar for offentlege anskaffingar. Endringa var gjort med verknad frå 1. november 2009. Som direktør inngår Vingsgård no i leiargruppa til Konkurransetilsynet. Direktøren har i tillegg det faglege og personalmessige ansvaret for sekretariatet.

Frå same dato er Erlend Pedersen og Marie Trovåg tilsett i to nyoppretta stillingar som gruppeleiarar i KOFA-sekretariatet. Endringa inneber at det vert henta ut synergi og kunnskap på tvers av dei to verksemdsområda, mellom anna ved at verksemda i KOFA og tilsynet vert betre koordinert, at den eksterne profileringa av den samla verksemde til tilsynet vert styrkja,  samt at KOFA og tilsynet held felles foredrag.

 

Aktivitetar

Det har vore ei betydeleg auke i saksomfanget til KOFA. Talet på saker er nesten dobbelt så høgt som i 2006 og 2007. Innføringa av gebyrmyndigheit har resultert i at KOFA har fått mykje større merksemd. I tillegg er sakene ofte svært kompliserte, både kva gjelde faktum og jus. Talet på tilsette i sekretariatet har også auka betydeleg i denne perioden.

Sjå saksstatistikken for KOFA >>

KOFA ser at det er stort behov for kunnskap om korleis regelverket om offentlege anskaffingar er å forstå og korleis det skal nyttast, og opplever stor etterspørsel etter rettleiing. KOFA og Konkurransetilsynet samarbeider derfor om å spreie kunnskap om både anskaffingsregelverket og konkurranselova sine reglar om ulovleg anbodssamarbeid til offentlege oppdragsgivarar.

KOFA arrangerte i 2009 eit seminar for oppdragsgivarar om tildelingskriterium i offentlege anskaffingar, blant anna knytt til bruken av etikk og miljø i anskaffingsprosessen, om Lianakis-dommen og seinare KOFA-praksis, samt ein gjennomgang av utvalde KOFA-avgjerder om tildelingskritierium. Konkurransetilsynet og KOFA har også eit samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI).

Til toppen

Resultat

Saksbehandlingstid for ikkje-gebyrsaker (195 saker) var i 2009 på 137 dagar, dvs. 4,4 månader Saksbehandlingstid i saker som er moglege gebyrsaker (31 saker) var på 159 dagar. Dette tilsvarer 5,1 månader i gjennomsnitt.

Saksrestansen auka frå 72 saker i januar 2009 til 129 ved utgangen av 2009.

Mengda innkomande saker til KOFA viser framleis auke i 2009, og synest å ha stabilisert seg på eit nivå som er nær dobbelt så høgt som i åra 2006–2007. Retten til å påleggje gebyr i saker om ulovlege direkteanskaffingar har medført ein særleg auke i arbeidsmengda i sekretariatet, og talet på faste juristar er difor auka med 3 årsverk i 2009, og dessutan ei mellombels stilling. Det kan sjå ut som om ein med dette vil halde tritt med mengda innkomande saker, men det tek lengre tid enn planlagt å avvikle køen av gamle saker. Den lengste saksbehandlingstida har ein no på såkalla "uprioriterte saker", som er saker der anskaffinga allereie har funne stad.

Antall saker og saksbehandlingstid i KOFA 2003–2009

Graf som viser talet på saker og utviklinga i saksbehandlingstid i KOFA frå 2003 til 2009. (Klikk på grafen for å sjå han i full størrelse)

Forklaring Saksbehandlingstid (ikkje gebyrsaker)
Forklaring Saksbehandlingstid i moglege gebyrsaker
Forklaring Antall saker (ikkje gebyrsaker)
Forklaring Antall saker (moglege gebyrsaker)

 

KOFA skreiv i 2009 ut 7 gebyr for ulovlege direkte anskaffingar, og klagenemnda har dermed skrive ut totalt 11 gebyr etter at organet fekk retten til å skrive ut gebyr frå 1. januar 2007. Ei ulovleg direkte anskaffing er ei anskaffing som ikkje er blitt kunngjord i tråd med regelverket for offentlege anskaffingar. Ulovlege direkte anskaffingar blir rekna som det alvorlegaste brotet på regelverket fordi slike anskaffingar blir heilt haldne unna kravet til konkurranse, som er hovudgrunngivinga bak regelverket.

I 2009 fekk klagenemnda inn 40 klager på ulovlege direkteanskaffingar. Nokre av klagene kom frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO). Bakgrunnen for desse klagene var at Riksrevisjonen, i sin rapport om årleg revisjon og kontroll for budsjettåret 2007, Dokument 1 (2008–2009), hadde merknader til fleire anskaffingar gjennomført av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Norsk Tipping AS, Statens Innkrevningssentral, Helsedirektoratet, Husbanken og Forsvarsbygg. NHO følgde opp denne rapporten ved å klage desse instansane inn for KOFA. Sakene var svært omfangsrike og ressurskrevjande. KOFA er no i sluttfasen av handsaminga av desse klagene.

Det store talet på innkomne saker som gjeld ulovleg direkteanskaffing, viser at kunnskapen om at dette er ei alvorleg overtreding som kan bli møtt med eit gebyr, har auka dei siste åra. Klagenemnda har ikkje mynde til sjølv å etterforske saker der det er mistanke om at ein oppdragsgivar har unnlate å kunngjere ei anskaffing. Dette inneber at ikkje alle ulovlege direkteanskaffingar kjem på KOFA sitt bord. I mangel av myndigheit til å etterforske, er klagenemnda avhengig av at leverandørar, organisasjonar, politikarar og andre klagar anskaffingar som burde vore kunngjorde, inn for KOFA.

Rekordstort gebyr til Askøy kommune
Askøy kommune vart 10. juni 2009 gitt eit gebyr på 1 750 000 kroner. Oppdragsgivar skulle i denne saka skaffe bustader til vanskelegstilte personar i kommunen. I samband med dette unnlét kommunen å kunngjera anskaffinga av eit bygge- og anleggsarbeid på leilegheiter på Juvik II-området. KOFA fann at kommunen burde ha forstått at ervervet av Juvik II var ein bygge- og anleggskontrakt, og at kommunen såleis hadde utvist grov aktløyse ved å unnlate å kunngjera anskaffinga etter forskrift om offentlege anskaffingar. Klagenemnda var av den oppfatning at preventive omsyn tilsa eit relativ høgt gebyr. Det vart mellom anna vist til at kommunen ikkje hadde føreteke ei reell vurdering av om regelverket for offentlege anskaffingar skulle nyttast, og det hadde heller ikkje elles vore konkurranse om anskaffinga.

 

Publisert: 22.03.2010

Print

Mål og resultatkrav

Mål: Leggje til rette for effektiv og forsvarlig sakshandsaming i sekretariatet for Klagenemnda for offentlege innkjøp

Resultatkrav: Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for vanlege klagesaker for KOFA skal vere mindre enn 3 månader.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i saker der det er påstand om ulovleg direkteanskaffing skal vere mindre enn 4 månader.

På denne sida

Aktivitetar

Resultat

 

Meir informasjon

Saksstatistikk »