Gjermund_Nese_stort2.jpg

Kontaktinformasjon

Gjermund Nese
avdelingsdirektør

Telefon: 911 78 713

Pressebilder Gjermund Nese >>

Pressetelefon: 47 66 77 77

Avsluttar sak mot FlyViking

Konkurransetilsynet har avslutta undersøkingane hos flyselskapa FlyViking og Danish Air Transport. Det er ikkje funne tilstrekkeleg prov for at det ligg føre eit samarbeid i strid med konkurranselova.

På den bakgrunnen har tilsynet kome til at saka i dag blir avslutta utan ytterlegare undersøkingar.

Konkurransetilsynet gjennomførte i september 2016 ei bevissikring i lokala til FlyViking. Bakgrunnen for kontrollen var at tilsynet ynskte å få avkrefta eller bekrefta mistanke om ulovleg samarbeid.

– Konkurransetilsynet har gått gjennom eit betydeleg materiale, både fysisk og elektronisk, som vart beslagtlagt ved bevissikringa. I tillegg er det gjort forklaringsopptak med tilsette i FlyViking og Danish Air Transport. Etter ein grundig gjennomgang har tilsynet ikkje funne grunnlag for å gå vidare med saka, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Selskapa som har vore under etterforsking blei orientert om tilsynet si avgjerd tidlegare i dag.

Sist endret: