Dommerklubbe

Nyhetsbrev

Denne siden finnes ikke på bokmål. Til forside på bokmål

Utval foreslår endringar i konkurranselova

Konkurranselovutvalet har levert utgreiinga "Mer effektiv konkurranselov" (NOU 2012:7) til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Utvalet foreslår blant anna endringar i reglane om kontroll med føretakssamanslutningar. Ei av anbefalingane er å heve terskelverdiane for meldeplikta betydeleg. I tillegg ønskjer utvalet å effektivisere kontrollen ved å leggje til rette for at føretakssamanslutningar skal kunne godkjennast på vilkår som partane foreslår tidleg i prosessen.

Utvalet anbefalar òg at lempingsordninga blir utvida til å omfatte ansatte i det føretaket som søkjer om lemping.

Departementet vil sende forslaga ut på høyring i løpet av februar 2012, og tek sikte på å leggje fram eit lovforslag for Stortinget våren 2013.

Les meir på regjeringen.no » 

Les utgreiinga frå konkurranselovutvalet (NOU 2012:7) »

 

Konkurranselovutvalet blei sett ned i statsråd 17. desember 2010. Prof. dr. juris Erling Hjelmeng har leia utvalet. Sekretariatfunksjonen har lege i Konkurransetilsynet og vore leia av juridisk direktør Håkon Cosma.

 

Sist endret: 21.02.2012

Ansvarlig for denne siden: Juridisk direktør