KONKURRANSELOVEN_UTSNITT_240
Frå 1. juli 2008 har det vore forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige før Konkurransetilsynet har behandla saka.

Opplysninger

Dokumenter
Kontaktpersoner:
  • Seksjonsleder
    Telefon: 5559 7569
    Mobiltelefon: 4149 9880
    E-post: eist@kt.no


100 000 kroner i gebyr for brot på gjennomføringsforbodet

Konkurransetilsynet har gitt Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA eit gebyr på 100 000 kroner for brot på gjennomføringsforbodet i samband med fusjonen med tidlegare DLA Piper Bergen DA.

– Konkurransetilsynet ser alvorleg på brot på gjennomføringsforbodet, og tilsynet vil bruke gebyr som eit verkemiddel for å sikre at ein rettar seg etter forbodet, seier seksjonsleiar Eivind Stage.


Gjennomføringsforbodet
Frå 1. juli 2008 har det vore forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige før Konkurransetilsynet har behandla saka. Dette inneber at kvart ledd i aktiv gjennomføring må vente til føretakssamanslutninga er behandla av tilsynet.

Bakgrunnen for gjennomføringsforbodet er at Konkurransetilsynet skal kunne utføre kontroll med føretakssamanslutningar på ein effektiv måte.

Publisert: 26.11.2009 Sist endret: 18.12.2009 Skriv ut